Årsmelding 2008

2008 blei året kor ”jakten på ny dirigent” gjekk som ein raud tråd gjennom heile året. Stor var derfor gleda då me mot slutten av året fekk beskjeden om at Michel Zelissen hadde takka ja til jobben. Han svingar taktstokken frå 1. februar 2009. Sonor har inngått ein avtale med Sauda Kommune der Sonor leiger Michel 10%, mens arbeidsgiver-ansvaret ligg hjå kulturskulen. I januar fekk Sonor 14.000,- kroner frå Technor etter at Egil Dahl-Olsen hadde føreslått oss til å vera med i sponsor-trekningen. Tusen takk Egil. I starten av mars var det premiere på Stavanger 2008 sitt vintershow i Svandalen. Mange av Sonormedlemmene var med og gav dei mange som hadde tatt turen til Svandalen fire flotte festkveldar. Flott reklame for Sauda, og flott reklame for Sonor. 17. mai stilte som vanleg Sonor opp og song Ja vi elsker og Gud signe Noregs land både ved Sjukehuset og Høllandsheimen. Sommeravslutningen i år var hjå Inge Løyning 13. juni. Og for ein avslutning. Han hadde rigga til i eit kjempe flott telt i hagen, mens medlemmene hadde med seg mat og drikke. Tusen takk Inge. Det blei ein strålande kveld. Etter sommarferien hadde styret ei spørjeundersøking i koret for å lodda stemninga når det gjaldt ein eventuell utanlandstur. Me fekk inn 23 svar på undersøkinga, og 20 svarte ja til at styret skal jobba vidare med ein tur. Heile 12 av dei som svarte ja til tur ønskja at turen skal gå til London. 11 vil jobba litt dugnad, 7 ønskjer å jobba mykje mens 2 svarte nei til dugnad. Det nye styret skal jobba vidare med turplanane. Nokre av Sonormedlemmene var også med og framførte Misa Campensina i juli – august. 10. – 12. oktober var det tid for korseminar i Skånevik. Denne gongen hadde me fått med oss Elin Hestenes som instruktør, og det blei ei kjekk og lærerik helg. Til haustkonserten den 23. november inviterte me med oss Sauda Ungdomskor. Det blei ein fin søndagskveld, der Sauda Ungdomskor imponerte oss med sine unge lyse stemmer. Til å akkompagnera oss hadde me leigd Aile Hamberg frå Distriktsmusikarane. Dette var svært vellukka. 9. desember var det tid for julekonsert, og Sonor song både i kyrkja og på kapellet i Saudasjøen. Alie Hamberg var også denne kvelden gjest ved pianoet. Ho akkompagnerte til Tomorrow sshall be my dancing day og The lost chord, mens stille natt som vanleg var acapella. Styret i Sonor har dette året hatt 7 styremøter og koret har hatt i alt 33 korøvingar og 3 medlemsmøter. Ved årets slutt var me 44 betalande medlemmer. Astrid (skrivar)

<September 2010 >
M T O T F L S
35 - - 1 2 3 4 5
36 6 7 8 9 10 11 12
37 13 14 15 16 17 18 19
38 20 21 22 23 24 25 26
39 27 28 29 30 - - -